Jæren turlag

Kontaktperson

Om aktiviteten

Jæren turlag har fire ulike turgrupper. Nærturar er enkle turar med turleiar i nærmiljøet i dei fire jærkommunane. Fjellturar er lengre og meir krevande turar. Høgt og Lågt - turane er tilrettelagt for vaksne som ønsker turar med litt lågare tempo og fleire pausar. I tillegg har vi Barnas turlag som har turar og aktivitetar for barnefamiliar. Erfarne turleiarar og frivillige er med på alle turane og arrangementa. Turlaget driv og med ulike dugnadsoppdrag. Eksempel er tilsyn og enkelt vedlikehald av dagsturhyttene i Klepp og Hå i samarbeid med kommunane, merking av stiar. Turlaget har også behov for turleiarar og frivillige på arrangement.

Nyttig informasjon

Gå til aktivitetens nettside for mer informasjon

Utstyr:

Det krevs ikkje spesielt utstyr for å delta på turar og arrangement. Utstyr kan leigast hos frilager.no til ein rimeleg sum.

Beskrivelse av faste kostnader:

Det er gratis å delta på dagsturar og arrangement. Jæren turlag er ei avdeling under Stavanger Turistforening og ein treng ikkje vera medlem for å delta. Det er sjølvsagt ønskeleg at ein melder seg inn i Stavanger Turistforening. Alle som melder seg inn i Stavanger Turistforening og bur i kommunane Gjesdal, Hå, Klepp og Time vert automatisk medlem i Jæren turlag.

Ekstra kostnader som kan forekomme:

Det er gratis å delta på dagsturar og arrangement. Ved samkjøring til turstart, deler ein på utgifter til kjøring. Eigne prisar for overnattingsturar.

Kan tilrettelegges for:

    Type aktivitet:

    Friluftsliv

    Passer for aldersgruppe:

    Barn, eldre, unge, voksne

    Passer for ferdighetsnivå:

    Nybegynner, Litt erfaren, Erfaren

Sist oppdatert 5. mars 2024

Informasjonen på denne siden er gitt til oss fra arrangøren. For mer informasjon ta kontakt med arrangøren av aktiviteten.

Hopp rett ned til innholdet